Kva inneheld Arbeidsmiljøportalen?
Arbeidsmiljøportalen inneheld mellom anna
- Arbeidsmiljøhjelpen (verktøy frå Arbeidstilsynet)
- En bra dag på jobb (verktøy frå STAMI)
- Fakta om bransjen (statistikk frå STAMI og Havindustritilsynet)
- Min side – arbeidsgivar (statistikk frå NAV)
Innhaldet på Arbeidsmiljøportalen er utvikla i samarbeid mellom Arbeidstilsynet, STAMI, NAV, Havindustritilsynet og partane i arbeidslivet. Per i dag finst det kunnskap og verktøy for fleire bransjar og sektorar på Arbeidsmiljøportalen.
Arbeidsmiljøet
- er knytt til korleis verksemda organiserer, planlegg og gjennomfører arbeidet
- er forskjellig frå arbeidsplass til arbeidsplass, og krev derfor ulike tilnærmingar
- påverkar arbeidstakarane si helse, jobbengasjement og verksemda sine resultat
Det overordna målet med IA-avtalen (avtale om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet) er å skape eit arbeidsliv med plass til alle gjennom å førebygge sjukefråvær og fråfall.
Arbeidsplassen er den viktigaste arenaen for førebygging, og eit godt samarbeid mellom leiar, tillitsvalde og verneombod er avgjerande for å lykkast i IA-arbeidet.
Betre oppfølging av sjukemelde arbeidstakarar og betre innsats for arbeidsmiljø er blant grepa partane er einige om. Perioden for den inneverande IA-avtalen går ut i 2028.
